
Om Edvard Langset, hentet fra «Segner. Gåter. Folketru i Nordmør»
«Edvard Langset var av god, gamal bondeætt. Faren, Ole Gundersen Langset, var gardsmansson frå garden Eikrem i «Straumsnesa». Som ung gjekk han i smedelære i Kristiansund. Der vart han kjend med Ole Vig og oppglødd for dei tankane han bar fram, og det var han so lenge han levde. Han var alltid glad i bøker, las mykje og var ein varm opplysningsvenn. Han vart gift med Eli Olsdotter Langset- av den kjende Aspaslekta. Dei kjøpte ein lut av Langsetgarden, som han dreiv godt opp.
Desse to skapte seg ein gild heim i ein frodig natur med eit storlagt utsyn over Sundalsfjorden. Det var både tradisjon og kultur i denne heimen. Ole Langset var ein velvyrd mann. I mange år var han medlem av både herads- og skulestyre.
I denne heimen vart då Edvard Langset fødd 1867. Han var den 7de av 9 syskjen. Den eldste fekk garden, 2 dø i ung alder. 1 vart prest i Amerika, 2 blei lærarinner og Edvard lærar. Dette fortel ikkje lite om heimenog interessene der.
I 16-17 års alderen fekk Edvard giktfeber og ein hjartefeil som han drogst med heile livet, og som han alltid måtte vera på vakt mot. Ihuga arbeidsmann som han var, lærde denne feilen han til å fram med varsemd og seig trott. Dette sette nok merket sitt på alt han gjorde.
1886-87 gjekk han amtskulen i heimbygda. Der var då den kjende skulemannen John Olafsen styrar. 1889-1891 gjekk han på Klæbo seminar. Då han var ferdig der, reiste han en tur rundt og selde «Tusenhjems forlags bøker». Det ga lite i pungen, men han fekk sjå seg om i landet, fekk auka menneksekunnskapen sin og, vil eg tru, lærde seg til å få folk til å tala. Noko som kom han til nytte seinare.
Han fekk so lærarpost i Bjugn. Derfrå kom han i 1893 til Hevne, visstnok i 1906 til Frei og endeleg i 1916 til Ulset i heimbygda. Der var han då til sin dø. Langset hadde eit godt lag med barn og var ein framifrå dugande lærar.
Med han var på Frei, gifta han seg med Marta Lyngstad. Med henne hadde han 3 barn- ei gjente og to gutar. Gjenta dø ung. Den eine guten er politimann, hin lærar. Langset hadde nett bygd seg hus på farsgarden då han dø. Enkja selde huset og flytte heim til farsgarden Lyngstad.
Langset fekk og bygd hus og skipa eit bygdemuseum i heimbygda. Han arbeide for å få folkehøgskule i bygda og fekk det. Ein tid var han formann i Nordmøre ungdomslag. Han var og med i styret for Nordmøre mållag.
Vinteren 1899-1900 var han og eg i lag på Askov folkehøgskule. Der kom me saman med ungdommer frå mange land. Eit samvær som måtte få sitt å seia for eins eiga utvikling.
Tyskland hadde, som ein veit, i 1864 sett rovkloa si inn i det danske folkehjartet. Ho stod der framleis. Det valde pine og sår sorg. Me nordmenn syrgde med. Men der var ogso eit anna land som bruka rovkloa då. Britiske soldatar hadde det anvindt med å drepe buarar. Fridommen åt dette vesle folket skulle kverkast. Danmark sende ei stor gåve av smør til desse britiske soldatane. Me nordmenn la ikkje skjul på kva me meinte om slikt.
Hausten 1899 hadde B. B. reist seg i all si velde mot måltrollet i Noreg, og Kjelland hadde sett kniven i målkalven. Stridsbulderet nådde Danmark og. Ein velvyrd dansk vitskapsmann kasta i nasa på oss nordmenn m.a.: «Tror i norske målstrævere at vi vil tillade Eder at inskrænke vort sprogområde!»
Eg nemner dette, for eg trur at desse handlingane har hatt mykje å seie for Langset. Det har syne seg m.a. i boka hans «Fridomsstrid», og i innlegg han skreiv om striden mellom Island og Danmark i 1908.
«Berlingske Tiende» skreiv om dette m.a.: «Det værste, som endnu er fremkommet er dog en opfordring i Reykjavikbladet «Isafold» for 20de Juni, hvori en Nordmand ved Navn Edvard Langset fra Nordmøre ligefrem opfordrer Islænderne til at skabe sig fulld Sælvstændighed og gøre Island til en Republik, og hvori han erklærer, at Nordmænderne må understøtte Islænderne.» Bladet slutter med «det sikkert var på Tide, at der fra Norsk ansvarlig Side sættes en alvorlig Stopper for en agitation, som begynder at gøre uhyggeligt Inntrykk i Danmark.»
Kanskje endå meir å seia for den seinare folkeminnesamlaren hadde førelesningane folkloristen Henning Fredrik Feilberg heldt på Askov. Om han må ein vel kunne seia at han var talar og folkeminnesamlar av Guds nåde. Når han kom på talerstolen, satt me som trylte. Ansiktet hans stråla. Røysta hans var musikk. Orda hans lyste og varma. Ein komande folkeminnesamlar kunne knapt ha fått betre dåp.
Der det var noko å læra, såg ein gjerne Langset. Han gjekk fleire lærarskeid, eit skeid for folkeminnesamlarar, og ei tid gjekk han og høyrde førelesningar ved Universitetet. Soleis høyrde han i 1903 professor Marius Hægstad sine førlesningar i nynorsk.
Langset tok tidleg til å skriva i blada. Det heldt han fram med heile livet. Det var ikkje berre hjartesakene sine, målsak og fråhaldssak, han skreiv om. Nei, han interesserte seg for alt som han meinte kunne gjera livet lettare og rikare. Han arbeidde for det og skreiv om det, gjerne korte tankeklåre småstubbar. Han skreiv om det han fann skeivt, rangt og nedbrytande og kunne då vera krass.
Han måtte, som so mange av oss som no er gamle, lære seg sjølv nynorsk. Då eg kom til Langset fyrste gongen, sumaren 1898, fann eg han «på stovelofta» i arbeid med ei forteljing og med Aasen og Ross som flittig rådspurde vegvisarar. Han skreiv fleire forteljinga og spelestykke.
Langset var ein original, rettskoren, grei mann, ærleg og påliteleg, aldri småleg, alltid hjelpsam, alltid varsam. Kunne han ikkje seia sant utan å gjera unødig vondt, tagde han. Det har vore sagt om han at han var ein nordmøring utan svik. Han var og ein nordmøring utan svik, men han var ogso mykje meir: Han var eit menneske utan svik.
Hjartefeilen hans tok til slutt, so altfor tidleg, livet av han. Han dø i heimen sin 12. mai 1924 og er gravlagd på kyrkjegarden i heimbygda.
M. Hareide»
Les hva Wikipedia sier om Langset
Om du ønsker å lese “Segner. Gåter. Folketru frå Nordmør” er den tilgjengelig på Nasjonalbiblioteket!